Snakk om det
Dersom du har vore utsett for vald, traumer eller overgrep er det viktig at du snakkar med nokon du kan stole på og får hjelp til å komme deg ut av situasjonen og/eller hjelp til å bearbeide det du har opplevd.
Psykisk helsehjelp for vaksne i Surnadal er eit lågterskeltilbod. Du treng ikkje henvisning frå lege. Her kan du få råd om kva du kan gjere og andre aktuelle tenester som kan hjelpe deg.
Nasjonale hjelpetilbod
Dinutvei.no gjr oversikt over ulike hjelpetilbod, lokalt og nasjonalt. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmåls- og svarteneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på e-post.
Målgruppene er både utsatte, utøvarar og berørte, og vegvisaren rettar seg først og fremst til voksne. Fagpersonar, beslutningstakarar og organisasjonar skal også ha nytte av vegvisaren.
Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).
Lokal handlingsplan
Surnadal kommune har utarbeidd ei lokal handlingsplan for vald i nære relasjonar gjeldande frå 2023-2027.
Handlingsplan mot vald i nære relasjonar (PDF, 804 kB)