Kven kan få tilbodet?
Psykologtenesta vil i hovudsak vere vaksne over 18 år, som:
- har eller står i fare for å utvikle psykiske lidingar,
- rusmiddelbruk
- eller har vorte utsett for vold, traumer og overgrep.
Kommunepsykolog er eit gratis lågterskeltilbod der du ikkje treng henvisning. Du kan kontakte psykologen direkte for vurdering av samtale. Kommunepsykologen samarbeider også med andre instansar i kommunen, slik som skular, barnehagar, helsestasjon, fastlegar og liknande. Daniela Bjerklund jobbar 50% som kommunepsykolog i Surnadal og 50% i Rindal.
Tenesta vil tilby videokonsultasjon dersom det er aktuelt.
Psykiatrisk sjukepleiar tilbyr også hjelp i form av behandling og rettleiing til deg over 18 år som har psykiske problem. Du kan ta direkte kontakt sjølv, eller be fastlegen eller behandlaren din om hjelp.
Kva får du?
Vi tilbyr samtalar og rettleiing ved depresjon, angst, samlivsbrot, sjølvmordstankar eller andre grunnar som gjer at du slit psykisk.
Tilbodet er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er og kva som må til for at du får det betre. Ved behov kan psykolog og prykiatrisk sjukepleiar samarbeide med og rettleie vidare til andre tenester for å finne rette tilbod. Dette kan for eksempel vere:
Kva kostar tilbodet?
Tilbodet er gratis.