Transport for person med funksjonsnedsettingEtter søknad kan det gis løyve til bruk av snøskuter for transport for person med funksjonsnedsetting. Informasjon om vilkår og søknadsskjemaDet er §5b i nasjonal forskrift som opnar for dette transportføremålet. Verd å merke seg om ordninga:Kan berre gis ved varig funksjonsnedsetting. Personar som har problem med å bevege seg på grunn av alder eller midlertidig sjukdom kjem ikkje inn under denne regelen.Legeerklæring bør leggast ved kvar gong det blir søkt. Vi tilrår å bruke dette skjemaet for legeerklæring for å sikre at all informasjon kjem med (PDF, 2 MB)Det skal søkast i namnet til personen som har funksjonsnedsetting og han eller ho blir også innehavar av løyvet. Andre personar kan vere ledsagar på snøskuteren.Køyreformålet og kor mange turar det er behov for må skildrast i søknaden. Søknadsskjema og annan nyttig informasjon finn du her Sist endret 19.12.2025 13:10