Diverse opplysningar

Motorferdsel i utmark og vassdrag er i utgangspunktet forbode, men regelverket opnar for transport til ei rekkje nytteføremål. Fleire av desse kan skje utan søknad, medan nokre føremål berre kan skje etter at du har søkt og fått løyve frå kommunen. Her finn du diverse opplysningar om lovverket og korleis det blir praktisert i Surnadal. Her er også link til eit enkelt kartprogram for å lage kart som skal leggast ved søknadane.

Regelverket og praktisering i Surnadal

I Surnadal har vi eigne kommunale retningsliner for motorferdsel i utmark (PDF, 594 kB).  

Retningslinene er vedtatt av kommunestyret. Desse gir nokså detaljerte føringar for kva som kan tillatast, utover det som lov om motorferdsel i utmark og vassdrag og nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag opnar for.

Dei kommunale retningslinene har dei siste åra blitt vedtatt for fire år om gongen, og alle løyver for transport til private hytter følgjer 4-årsperioden. Alle løyver går ut samtidig med at retningslinene blir forelda etter 4 år. Ved vedtak av nye må alle som vil ha løyve til køyring til hytte søke på nytt, og etter kvar vinter skal utførte turar rapporterast til kommunen. Vi har ingen søknadsfrist for desse søknadane, men om vinteren vil det ikkje gå mange dagar før du får svar på innsendt søknad.

Unngå avslag

For å unngå avslag bør du lese nøye gjennom den informasjonen vi gir her på nettsida. 

Ein vanleg grunn til avslag er manglande informasjon. Det er òg vanleg at ein søker om noko som ikkje fell inn under motorferdselforskrifta § 5. Eksempel på dette er at ein søker om transport av personar for tilsyn av hytta, eller for ATV med belte i staden for snøskuter. Dette kan resultere i at kommunen manglar lovheimel for å gi løyve eller søknaden skal behandlast under motorferdselslova § 6 der det er betydeleg større krav for å godkjenne søknad.

Dårleg trasé er òg grunn til avslag. Søk om så skånsam trasé som mogleg der motorferdsel kan kanaliserast til faste ruter. Ein bra trasé går frå næraste parkeringsplass langs vegar og traktorstiar før den eventuelt vik av så seint som mogleg til destinasjonen. Om du må ta ein omveg burde du motivera kvifor du ikkje kan køyra kortaste veg og følgja vegar.Du kan få løyva til ein alternativ trasé. Då må du beskriva kva du skal bruka som første alternativ og under kva forhold han ikkje er mogleg å bruka.

For å få løyve som person med funksjonsnedsetting til å køyre til hytte må du oppfylle tre kriterium: Du må ha legeattest, funkskjonsnedsettelsen må vere varig og funksjonsnedsettinga må ikkje skuldast alderdom. 

Får du avslag og det ikkje er mogleg å forbetre søknaden for å få løyve, kan du eventuelt bruke leigekøyrarar.

Informasjon om leigekøyring

Kart til søknad om motorferdsel i utmark

For best mulig dokumentasjon skal det følgje eit kart med alle søknadar om motorferdsel i utmark, sjølv om du bruker same trasé som tidlegare år. Her skal omsøkt kjøretrase markerast, eventuell start- og landingspunkt ved bruk av helikopter.

Det må visast tydeleg kvar du skal køyra, også når kartet er skrive ut. Satellittbilete viser sjeldan infrastruktur og terrengformasjonar tydeleg, dei har dessutan få stadnamn. Det er derfor ikkje tilrådd å bruka satellittbilete. Bruk eit kart ned god detaljrikdom.

Her er link til eit kartprogram med ein enkel teikne- og utskriftsfunksjon. Kartet blir lagra i A4-format og skal leggast ved det elektroniske søknadsskjemaet som PDF-fil.   

Framgangsmåte

  • Zoom inn slik at du ser området du skal køyre i så detaljert som muleg.
  • Velg Verktøy oppe i venstre hjørne. Vel så Tegne. Videre klikkar du på Linje.
  • Klikk så i startpunktet, og vidare fleire stadar i kjøretraseen. Dobbeltklikk der køyretraseen sluttar. Om linja ikkje er kvar når du dobbeltklikka må du lasta sidan på nytt.
  • Vel så Lagre og skriv ut. Pass på at køyretraseen ligg innafor A4-arket som er det lyse feltet midt på skjermen. Skyv eventuelt slik at han kjem innafor.
  • Vel Skriv ut og lagre fila.

Krav til aktsom køyring

Ifølgje motorferdsellova §8 skal motorferdsel i utmark og vassdrag gå føre seg aktsomt og hensynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneskje. Dette gjeld både for ferdsel som er direkte tillatt etter lov og forskrift og for ferdsel som krev løyve frå kommunen. Ferdsel i utmark skal altså ikkje medføre unødvendig skade på grunn, vegetasjon og dyreliv eller ulempe for andre, og for øvrig ikkje unødig forstyrre eller forureine naturmiljøet.

Grunneigarar og motorferdsel i utmark

Det generelle forbodet mot bruk av motoriserte kjøretøy i utmark gjeld også for grunneigar. Reglane i lova, nasjonal forskrift og dei lokale retningslinene gjeld på akkurat same måte for grunneigar, som for andre.

Grunneigar kan med heimel i §10 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag nekte eller avgrense motorferdsel i utmark på sin eigedom . Redningsteneste som skjer i medhald av nødrettsreglane er imidlertid unnateke.

Dersom ein grunneigar vil nekte eller avgrense motorferdsel på sin eigedom, er dette eit privatrettsleg forhold mellom grunneigar og han/ho som utøver motorferdselen. Dette betyr at det er han/ho som til dels køyrer snøskuter til eiga hytte som skal avklare om det er ein eller fleire grunneigarar langs køyretraseen som nektar kjøring på sin eigedom. Kommune gjør merksam på dette i alle løyva vi gir ut. Grunneigar har likevel også eit visst ansvar for å informere om eventuelle avgrensingar til dei det gjeld.  

 

Søknadsskjema for bruk av motorkjøretøy i utmark.