Kapittel 1: Målsettingar

Detalj frå Åsen bygdemuseum Maja Frønes  

 «Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltas og takast vare på som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv.»

Stortingsmelding nr. 16 (2004-2005)

​Kapittelinnhald:

Mål med planen

Strategiar

Surnadal er ein stor kommune i areal med mange registrerte kulturminner, men det er òg ei heil rekkje kulturminne som ikkje har vorte registrert. Opp gjennom åra har det vore utført fleire registreringar av ulike kulturminne, men informasjonen har ikkje vorte samla eller arbeid vidare med i utstrakt grad. Dette dreier seg i stor grad om nyare kulturminne som eksempelvis veger, bruer, tekniske og industrielle kulturminne, krigsminne og ein del bygningar av nyare dato.

For å kunne vere i stand til å prioritere riktig, og ta gode val med omsyn til planlegging og vern, treng kommunen ei samla oversikt over alle viktige  kulturminne med verdi. Det er difor viktig å fortsette arbeidet med registrering av nyare kulturminne òg ut over ferdigstilling av denne planen.

Under oppstarten av kulturminneregistreringsprosjektet, i forkant av arbeide med Kulturmiljøplanen, sette ein seg opp tre delmål for  arbeidet med sjølve kulturminneregistreringa i Surnadal.

Delmål 1: Få oversikt over det som fanst i dei sentrale offentlege kulturminneregistera, hovudsakleg i Askeladden og SEFRAK.

Delmål 2: Få oversikt over kva som tidlegare var gjort av lokale registreringar og kulturminnearbeid, for å finne ut kva som manglar av registreringar, både når det gjeld kulturminnetype og geografiske område.

Delmål 3: Starte opp igjen arbeide med lokal registrering av nyare kulturminne.

MÅL:

  1. Surnadal kommune skal ha ei digital kulturmiljøplan, slik at alle har lik og god tilgang på oppdatert informasjon og mulegheit for dialog og engasjement.
  2. Surnadal skal løfte fram sine kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap slik at fortida blir ein styrke for framtida og for lokal identitet. Vern gjennom bruk, formidling og kunnskap er sentrale føringar.
  • Informere om kulturmiljø og kulturminneressursane som finst i kommunen på ein interessant og opplysande måte til innbyggarane samt private og offentlege planleggarar
  • Vere eit godt verktøy for saksbehandlarar i planlegging etter plan- og bygningslova og byggesaksbehandling, og gi eigarar og andre betre oversikt over lovar og reglar
  • Syne kvar ein treng å setta inn ressursar i førebyggande arbeid og i kulturelt utviklingsarbeid
  • Gjennom undervisning i barnehage/skule får den yngre generasjon kjennskap til kulturminna i kommunen
  • Auke kunnskapen om kulturminne og kulturminnevern innan dei aktuelle frivillige organisasjonane, slik at dei på lang sikt kan spele ei sentral rolle i den lokale forvaltninga av kulturminne