Alle landets husstandar får brosjyre i posten
Eigenberedskapsveka er ein årleg nasjonal kampanje. Nytt i år er at råda om eigenberedskap er oppdaterte frå 3 til 7 døgn. Bakgrunnen for dette er ein forverra sikkerheitspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivarar er klimaendringar som fører til meir ekstremver, og at samfunnet er så avhengig av strøm, vatn og mobilnett.
DSB direktør Elisabeth Sørbøe AarsætherI løpet av Eigenberedskapsveka 2024 vil alle landets husstandar motta ein brosjyre i posten frå Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). Den inneheld viktig informasjon om kva du heilt konkret kan gjere for å førebu deg på kriser.
Ta godt vare på denne brosjyren. Last ned digital versjon (PDF, 4 MB)
DSB har også laga ein rettleiar om felles eigenberedskap til styre i burettslag og sameige. Last ned styrerettleiar. (PDF, 2 MB)
Surnadal sanitetsforening og Røde Kors står på stand
Har du god eigenberedskap hjelper du ikkje berre deg og dine, men også dei som ikkje kan hjelpe seg sjølv ved at vi får fokusere på å hjelpe dei.
Surnadal sanitetsforening vil også i år rigge til stand på Alti kjøpesenter med tips og råd om eigenberedskap saman med Røde Kors.
Hensikta med eigenberedskapsråda er at vi ei veke under ei krise skal vere ei stand til å dekke dei mest grunnleggande behova våre for
- varme
- lys
- drikke
- mat
- legmiddel
- førstehjelp
- hygiene
- informasjon
Vis komplett liste
Kommunal beredskapsplakat til innbyggarane
Surnadal kommune har eigen beredskapsplakat med viktige telefonnummer i kriser og korleis vi kommuniserer og kor vi kan møte opp ved langvarig bortfall av strøm, mobil- og internett.
Plakaten kan du laste ned under eller hente under på Surnadal sanitetsforening sin stand på Alti, i foajeen på Surnadal kulturhus eller kommunehuset i Eigenberedskapsveka.
Ved behov blir plakaten hengt opp ved nærbutikkar og aktuelle oppmøteplassar i tråd med situasjonen.
Plakaten bør du ta vare på saman med brosjyren du får i posten.
Last ned kommunens beredskapsplakat (PDF, 62 kB)
Eigenberedskapsråda gjeld heile året og råda er til for å skape tryggleik i samfunnet - ikkje for å skape unødvendig angst eller uro.
Følgjer du råda står vi betre rusta i lag, og det er langt betre å ha litt på lager enn ingenting.
Du er ein del av beredskapen.
Les meir om beredskap og samfunnssikkerheit i Surnadal kommune
DSB Eigenberedskap AHMARISK (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap ARABISK (PDF, 3 MB)
DSB Egenberedskap BOKMÅL (PDF, 4 MB)
DSB Eigenberedskap ENGELSK (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap UKRAINSK (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap POLSK (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap THAI (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap RUSSISK (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap SOMALI (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap TIGRINIA (PDF, 3 MB)
DSB Eigenberedskap SRB_KRO_BOS (PDF, 3 MB)