Planstrategi og planprogram, samfunnsdelen

Mor og dotter i junieng - Klikk for stort bilde

Kommunestyret vedtok i møte 15. juni å legge forslag til planstrategi 2023-2027 og planprogram for kommuneplanens samfunnsdel 2024-2028 ut til høyring og offentleg ettersyn. 

Vil du medverke til korleis vi skal ha det i Surnadal kommune dei neste åra?

Kommunal planstrategi skal utarbeidast og vedtakast seinast eitt år etter konstituering av nytt kommunestyre.

Planstrategien skal klargjere kva for oppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre i
perioden 2024-2027. 

Kommuneplanens samfunnsdel er kommunens overordna styringsdokument med mål, retning og strategiar for ei best muleg utvikling av lokalsamfunnet vårt framover. Satsingsområda og måla i samfunnsdelen skal leggast til grunn som overordna politiske prioriteringar.

Planprogrammet beskriv:

  1. Formålet med planarbeidet
  2. Planprosessen med fristar og deltakarar
  3. Medverking
  4. Behov for utgreiing

Gå til høyringsdokument (PDF, 2 MB)

Vi ønskjer dine innspel! Høyringsfristen er 10.09.23.

Innspel skal sendast post@surnadal.kommune.no eller via brev til

Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal