Transportføremål som ikkje er søknadspliktige

Lov om motorferdsel i utmark og nasjonal forskrift opnar for bruk av motorkjøretøy til fleire nytteføremål utan at du treng å søkje. All køyring skal imidlertid alltid skje aktsomt og hensynsfullt.

Desse nytteformåla er heimla i §4 i motorferdselloven og i §§2 og 3 i nasjonal forskrift. Her finn du eit samandrag av desse. 

Ikkje søknadspliktig på barmark

Utan søknad kan motorkjøretøy nyttast i utmark på både snødekt og bar mark i samband med:

  • Politi-, ambulanse- og redningsteneste
  • Oppsyns- og tilsynsteneste etablert med heimel i lov
  • Offentleg post- og teletenester
  • Nødvendig person- og godstransport til og frå faste bustadar
  • Nødvendig person- og godstransport i jordbruks-, skogsbruks- og reindriftsnæring
  • Forsvarets øvingar, forflytningar og transportar
  • Anlegg og drift av vegar og anlegg
  • Rutetransport
  • Transport ved jakt. Gjeld berre transport av jaktutbytte. Transport av jegerar og utstyr ut i jaktterreng, eller under utøving av jakta, er ikkje tillatt.
  • Nødvendig transport i samband med fiskekultiveringstiltak i offentleg regi.

Ikkje søknadspliktig på snødekt mark

  • Nødvendig transport for drift av turistanlegg
  • Nødvendig materialtransport til bygging i samsvar med byggeløyve
  • Preparering av skiløyper og skibakkar av idrettslag, hjelpekorps, turlag eller turistbedrifter.
  • Nødvendig køyring i samband med vitskaplege undersøkingar
  • Nødvendig transport av ved frå eigen eigedom til fast bopel
  • Praktisk køyretrening på nærare fastsette område
  • Transport i samband med kommunalt organiserte akuttiltak for å redusere risiko for påkjørsel av elg og anna hjortevilt ved veg eller jernbane
  • Nødvendig søk etter skadd storvilt utanom ordinær jakt

Kontakt kommunen ved behov for nærare opplysningar om kva som ligg innafor dei ulike føremåla.