E-post er ein usikker kanal
Mange sender dokument til kommunen via e-post. E-post kan vere ein usikker kanal, e-postar kan bli stoppa i spamfilter eller ikkje komme fram av andre årsakar.
Bruk eDialog
Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein sikker kanal.
Vi oppfordrar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!
Sentralt postmottak
Postmottak Surnadal kommune
Indre Nordmøre barneverntjeneste
NB! DU KAN KUN SENDE FILER I PDF DIREKTE TIL BARNEVERNET MED EDIALOG.
Postmottak barnevern
Send oss post via eDialog til PPT Indre Nordmøre
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID med meir).
Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumentet du vil sende oss (dokument må vere i PDF-format).
Slik fyller du ut skjemaet
- Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
- Tittel: Kva dokument du sender og gjerne saksnummeret dersom dette er kjend.
- Kommentar: Gi gjerne ein utfyllande beskriving av forsendinga di.
- Husk å laste opp relevante vedlegg i PDF-format.
- Klikk på "Send forsendelse" - forsendinga blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystem.
- Du får kvittering med referansenummer på e-post.
Fordelane med eDialog er fleire:
- Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
- Det gir ein sikker identifikasjon av kven som er avsender
- Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystem
Vi anbefalar deg å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er unntatt offentlegheit.
E-post kan framleis brukast for enkle spørsmål og henvendingar som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem.
Du skal ikkje bruke eDialog dersom
- Surnadal kommune har elektroniske skjema til formålet, for eksempel søknad om plass på barnehage, SFO og kulturskule, søknad på stilling og så vidare.
Våre skjema finn du her.