Borgarleg vigsel

Frå 1. januar 2018 vart vigselsmyndigheita overført frå tingrettane til kommunane.

Dersom de ønskjer å gifte dykk borgarleg kan de bli vigd i Surnadal kulturhus (Finstuå).

Kven kan vigslast i Surnadal?

Kommunen tilbyr vigsel for kommunen sine innbyggarar og for personar som ikkje er busett i Norge, men som likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Norge. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen. Vigselen er i utgangspunktet gratis, så framt den foregår i den ordinære opningstida og på kulturhuset. 

Kva må de gjere først?

Før vigselen kan gjennomførast, må de skaffe ein gyldig prøvingsattest. Denne bestiller de hos skatteetaten.

Bestill prøvingsattest hos skatteetaten.no. - ekteskap og samliv.

Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader frå utstedingsdatoen, og må vere gyldig på vigselstidspunktet.

De kan sende den originale prøvingsattesten til:

Surnadal kommune, Ordførarkontoret

Bårdshaugvegen 1

6650 Surnadal

Eller levere den på sørviskontoret i kommunen, seinast 14 dagar før vigselsdato.

Tidspunkt for vigslane

Vigslar vil i utgangspunktet gå føre seg måndag - fredag i normal arbeidstid.

Stad for seremonien

Vigslar vil primært gå føre seg i Surnadal kulturhus.

Pris

Vigslar i kommunen er gratis, dersom minst ein av partane har bustadsadresse i Surnadal. Kommunen kan ta betaling for nødvendige meirkostnadar dersom kommunen tilbyr vigsel ut over det vanlege tilbodet om tid og stad. Brudefolket skal informerast om kostnaden i god tid før vigselen.

Dersom kommunen tilbyr vigsel for andre enn dei som er nemnd i § 2, kan kommunen ta betaling for nødvendige kostnadar. Kostnadar som kan krevjast dekt av kommunen er kun for eksempel utgifter for vigslar, transport og oppvarming av alternative lokale.

Våre vigslarar

Surnadal kommune har eigne godkjente vigslarar. Dette er ordførar, varaordførar og kommunedirektør. To vitne må vere til stades under seremonien, jf. ekteskapslova § 11 andre ledd. Dette kan vera forlovarane eller to andre myndige personar.

Seremonien/bryllupsdagen

Før sjølve vigselen må brudefolket legitimere seg med gyldig legitimasjon (med namn, bilete og fødselsdato).

Vi legg til rette for at vigselen har ein seremoniell karakter. Seremonien kan vare opptil 15 minutt. De må ta høgde for å tilpasse seremonien til andre hendingar på kulturhuset. Vigselsformularet set ei ramme rundt kva vigselsseremonien skal innehalde. Seremonien kan tilpassast med for eksempel tekst og musikk utover dette, dersom brudefolka ønskjer det. Det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Når vigselen er ferdig, får de ein midlertidig vigselsattest (i påvente av ein endeleg attest som blir sendt til dykk frå Skatteetaten). Kommunen sørger for at kopi av vigselsbok blir sendt til Skatteetaten.

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fekk Norge kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnerskap kan omgjerast til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

Bestille tid

Når vi har mottatt gyldig prøvingsattest kan de bestille tid for vigselen. 

Det er ikkje muleg å bestille tid via telefon.

Vi sender dykk eit brev med stadfesting når tida for vigselen er bestilt. Før vigselen tar vigslar kontakt med brudefolket for å sette ramme rundt vigselen.