Økonomisk rådgiving

Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem kan NAV gi deg økonomisk rådgiving. Hensikta med rådgivinga er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.

Kven kan få rådgiving?

Du kan be om økonomisk rådgiving dersom:

  • du ikkje har midlar til å dekkje nødvendige behov
  • du får vanskar med å betale rekningane og betene gjelda di
  • du søkjer om økonomisk sosialhjelp

Kva hjelp kan du få?

NAV tilpassar rådgivinga etter behova du har. Du kan for eksempel få hjelp til å lage ei oversikt over den økonomiske situasjonen din og sette opp eit realistisk budsjett.

Du kan også få hjelp til å

  • finne ut korleis du kan få redusert utgiftene
  • gjere avtalar med dei du skuldar pengar
  • skrive søknad om utsetting av betaling
  • få opplysningar om rettar og plikter
  • inngå gjeldsordningsavtale
  • forhandle med kreditorane
  • kontakte namsmannen.

Dersom NAV-kontoret ikkje har kompetanse på alle område vil du få beskjed om kor du kan få den hjelpa du treng.