Økonomisk sosialhjelp Surnadal

Ein kan få økonomisk sosialhjelp for å «overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon», sjølv om ein elles ikkje har ein klar rett på slik stønad. 

Kven kan få økonomisk sosialhjelp?

Dei som ikkje kan sørge for livsopphaldet sitt gjennom arbeid eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar (for eksempel trygdeytingar), har krav på økonomisk stønad.

Kva kan du få?

  • Stønad til livsopphald skal dekke mat og drikke, klede og sko, reiseutgifter, hushaldningsartiklar, lege/medisinar/hygiene, tv-lisens, telefon, internett, aviser m.m.
  • Stønad til buutgift skal dekke husleige, renter på bustadlån, straum, innboforsikring. Buutgiftene må dokumenterast ved husleigekontrakt, straumrekning o.s.v.
  • Stønad til andre føremål
  • Når livsopphald blir utrekna, tar vi utgangspunkt i statens rettleiande satsar pr. månad . Satsane blir oppdatert årleg.

Stønadden blir vurdert ut frå individuelle behov. Økonomisk sosialhjelp er ei subsidiær yting. Det betyr at alle andre løysinger skal vere prøvd først. NAV har både rett og plikt til å utøve fagleg skjønn i vurdering av saka di. Vi kan difor gå både opp og ned i satsane. Stønaden blir oftast gitt som bidrag, men kan også bli gitt som lån, varer og tenester.

Målsetting

Stønaden og oppfølginga skal ta sikte på å gjere deg økonomisk sjølvhjulpen (hjelp til sjølvhjelp).

Krav til mottakar av teneste/stønad

  •  du må vere aktiv arbeidssøkjar. Unnatak er uføre og sjukdom som hindrar arbeid (legeerklæring)
  •  du må ta i mot arbeid eller arbeidsretta tiltak
  •  andre vilkår kan brukast i det enkelte tilfelle. 

Slik søkjer du

Søknadsskjema (PDF, 83 kB)

Søknadsskjemaet er ikkje elektronisk. Det må difor skrivast ut før utfylling. Dersom du treng hjelp til utfylling, ta kontakt.

Saksgang

Søknadar blir behandla fortløpande og seinast innan ein månad etter at dei er mottekne.

Lov og forskrift

Lov om sosiale tenester i NAV
Rundskriv til Lov om sosiale tenester i NAV- Lovdata