Kort fortalt
- Eit besøkshjem tek imot eit barn om lag ei helg per månad for å gi avlasting til foreldra og gode opplevingar for barna.
- Besøkshjem må vere stabile og kunne binde seg for eitt år.
Barna er mellom 0 og 18 år. - For å bli besøkshjem må du sende inn søknadsskjema og utvida politiattest.
- Ordninga medfører eit tilsetjingsforhold i Surnadal kommune, og blir løna etter gjeldande satsar.
Kva er eit besøkshjem?
Besøkshjem er ein familie som tek imot eitt barn eller eit søskenpar om lag ei helg per månad. Det er ikkje naudsynt med sosialfagleg kompetanse.
Familien må ha ein stabil livssituasjon og moglegheit til å binde seg for minst eitt år. Det må ikkje vere store livskriser, rusproblem eller psykiske utfordringar i familien.
Det blir kravd at besøkshjemmet har tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha innlevingsevne og forståing for barns ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleve ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barna treng mest.
Besøksforeldre må leggje fram uttømmande og utvida politiattest.
Det blir kravd ordinær politiattest frå husstandsmedlemmar over 18 år. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
Kven er besøksbarna?
Besøksbarn har ofte ein vanskeleg situasjon heime. Foreldra deira kan trenge avlasting for å få overskot. Barna treng tilskot av vaksne rollemodellar for å kunne sjå andre handlingsmønster i ein familie.
For mange av barna er det behov for å oppleve andre omgjevnader med fleire trygge vaksne som bryr seg om dei. Kontakten med dei vaksne har som mål å gi barna overskot, lærdom, stimulans, glede og tryggleik.
Alderen på besøksbarna er frå 0 til 18 år.