Demenskoordinator

Demenskoordinator er eit tilbod til deg som har demens eller er under utredning av demenssjukdom. Demenskoordinator i Surnadal leier demensgruppa i heimesjukepleien og samarbeider tett med heimetenesta.

Kva tilbyr demenskoordinator?

Demenskoordinator er eit bindeledd mellom personar med demens, deira pårørande og dei ulike delane av tenesteapparatet. Dette gjer demenskoordinator:

  • Følgjer opp personar med demenssjukdom og deira pårørande
  • Kartlegg og foretek utredningsbesøk i heimen etter avtale/samarbeid med fastlege
  • Samarbeider med heimesjukepleien, fastlegane og spesialhelsetenesta
  • Held oversikt over tilbod i kommunen for personar med demenssjukdom og deira pårørande
  • Arrangerar pårørandeskule i samarbeid med demensforeninga og kommunen
  • Samarbeider med Surnadal demensforening og helselag for eit demensvennleg samfunn og aktivitetsvenn

Korleis få hjelp frå demenskoordinator?

Pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta direkte kontakt med demenskoordinator.

Endra kontaktinformasjon

Demenskoordinator Heidrun Solstad har for tida permisjon. I denne perioden kan du ta kontakt med oversjukepleiar i Heimetenesta Elin Betten på telefon 902 06 398.

Tenesta er gratis. Du treng ingen søknad eller tilvising.

Aktuelle lenker

Demensplan 2025

Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse

Veiviser Demens