Pensjonærbustad

Ein pensjonærbustad er ein kommunal bustad som er tilrettelagt for eldre menneske. Bustadane er ubemanna, men du som bur der kan få tildelt heimeteneste etter behov.

Kva tilbyr vi?

Pensjonærbustaden har tilsaman 16 leiligheiter,  med størrelse frå 39 til 55 kvadratmeter. Bustaden er ikkje bemanna med fast personale, men ein får tildelt heimeteneste etter behov på lik line med andre heimebuande.
Bustaden har to etasjar, det er ikkje montert heis.

Korleis få tilbodet?

Lenke til digitalt søknadsskjema