Salsbevilling

Kva gjer du når du treng salsbevilling?

Når treng du salsbevilling?

Butikkar som skal selge alkohol, må søke om salgsbevilling. Salsbevilling gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsbevilling.

Korleis få salsbevilling?

Bevillinga blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.  I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigartilhøve og kven som skal vere styrar og erstattar. Styrar og erstattar/stedfortreder for løyvet må ha bestått kunnskapsprøva for alkohollova.

Korleis søke om salsbevilling?

Søknad om salgsbevilling for alkohol

Vedlegg som må følge søknad om salsbevilling

  • Aksjeselskap må sende inn aksjeeigarbok med revisor stadfesting på eigartilhøva i verksemda
  • Opplysningar om eventuelle bakanforliggande eigartilhøve
  • Atkomstdokument i form av leigekontrakt, fremleigekontrakt eller franchiseavtaleaog erstattar har bestått kunnskapsprøven. Dersom prøven ikkje er avlagt i Surnadal, må du legge ved stadfesting
  • Eventuell kjøpekontrakt.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månedar frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og sosialtenesta. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Lovar og reglar

Alkoholloven