Overvatn

Avløpsnettet er ikkje dimensjonert for tilførsel av store mengdar overvatn. Nedløpsrør frå tak og balkongar, samt drenering, skal ikkje koplast til kommunalt avløpsanlegg utan gokjenning frå VA-ansvarleg i kommunen.

Overvatn er avrenning som følgje av nedbør og smeltevatn. Både klimautviklinga med meir nedbør, og samfunnsutviklinga med aukt fortetting, kan kvar for seg auke intensiteten.

Kommunen og andre offentlege og private aktørar vil som følgje av klimaendringane få store utfordringar med å hindre skadar på bygningar og annan infrastruktur, samt helse og miljø. Mykje nedbør fører allereie no til store kostnadar tilknytt infrastrukturen.

Avløpsnettet er ikkje dimensjonert for tilførsle av store mengder overvatn. Overvatnet må difor i større grad styrast utanom avløpsnettet, ved ei rekkje ulike lokale tiltak. Det gjeld opningar av bekkar, mindre asfalt, grøntområde som drenerer vatn, grøne tak og veggar.

Fleire ulike myndigheiter forvaltar regelverket knytt til handteringa av overvatn, og utvalet er derfor samansett av organisasjonar og uavhengige ekspertar. Utvalet foreslår ei rekkje med verkemiddel som saman vil bidra til å oppnå måla om å førebyggja skadar på bygningar, infrastruktur, helse og miljø, og samtidig utnytte overvatnet som ein ressurs.

Nedløpsrør frå tak og balkongar, samt drenering, skal ikkje koplast til kommunalt avløpsanlegg utan gokjenning frå VA-ansvarleg i kommunen.