Hardhetsklassar
|
Vatnets hardhetsklassar
|
Tyske hardhetsgradar dH
|
Kalsium mg/l Ca
|
|
Meget bløtt vatn
|
0 – 2,1
|
0 – 15
|
|
Bløtt vatn
|
2,1 – 4,9
|
15 – 35
|
|
Middels hardt vatn
|
4,9 – 9,8
|
35 – 70
|
|
Hardt vatn
|
9,8 – 21
|
70 – 150
|
|
Meget hardt vatn
|
21 +
|
150 +
|
Drikkevassforskrifta
Drikkevassforskrifta stiller ikkje krav til maksimalt innhald av kalsium, magnesium eller total hardhet i vatnet, da det ikkje er helsemessige ulemper knytt til hardt vann, berre bruksmessige. Tvert imot tyder undersøkingar frå fleire land på at befolkninga er mindre utsett for hjerte-/karsjukdomar i område med hardt vann enn i område med bløtt vatn. Kalsium i drikkevatnet gir også mindre problem med korrosjon i vassleidningsnettet, og det er difor ønskjeleg at kalsiumkonsentrasjonen ikkje er for låg.
Eit optimalt innhald av kalsium vil normalt liggje mellom 15-25 mg Ca/l. I dette området vil ikkje dei bruksmessige problema vera vesentlege, samtidig som andre omsyn som korrosjonsproblem blir ivaretatt. Magnesiuminnhaldet bør vera lågare enn 10 mg Mg/l, noko det normalt er i Norge.
Hardheta i vatnet blir i Norge normalt oppgitt i tyske hardhetsgradar (dH°) eller i mg Ca/l. Omrekningsfaktoren mellom hardhetsgradar og kalsium er 7,14. (Dvs. at 1 dH° = 7,14 mg Ca/l). Det varierar litt korleis laboratoria og faglitteraturen delar inn i hardhetsklassar, men vi refererer her eit eksempel på muleg inndeling: