Personal og stab

Personal og stab er ei støtteavdeling under kommunedirektøren.

Personal og stab er ei tverrfagleg avdeling med ansvar for desse fagområda:

  • Personalavdeling
  • Arkiv og dokumentsenter
  • Politisk sekretariat
  • Kommunikasjon og service

 

Personalavdeling

Avdelinga si viktigaste oppgåve er å legge til rette for at Surnadal kommune når målet om å vere ein attraktiv arbeidsgivar. Dette oppnår vi gjennom lokal arbeidsgivarstrategi,  aktiv rekruttering, kompetanseutvikling, personaloppfølging, samt juridisk kompetanse jamfør lov- og avtaleverk.

Avdelinga er involvert i rekruttering av ny arbeidskraft frå annonsering, via intervju fram til formell tilsetting og registrering i personalarkivet. Tenestekvalitet og rasjonell bruk av personalressursane blir utvikla og forbetra gjennom systematisk og bevisst satsing på tilsette sin kompetanse. Vår avdeling har ansvar for at det blir utvikla ei plan for aktivitet og tiltak innan opplæring og utvikling, og for oppfølging av denne plana.

Arkiv og dokumentsenter

Felles arkivteneste som har ansvar for kommunen sitt sak-/arkivsystem. Støttefunksjon når det gjeld rutinar, opplæring og arkivfagleg rådgiving til kommunen si leiing og alle einingar.  Sikrar at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Tar vare på våre innbyggarar sin rettigheitsdokumentasjon. 

Politisk sekretariat

Legg til rette for gjennomføring av politiske møte for kommunestyre, formannskap og ei rekkje nemnder, råd og utval. Politisk sekretariat gjer klar sakspapir før og etter politiske møte og sørger for at desse blir tilgjengelege på nett. Administrerer fritak og supplering av folkevalde. Valgjennomføring. Andre støttefunksjonar for ordførar og kommunedirektør.

Kommunikasjon og service

Sørgar for løpande intern og ekstern kommunikasjon til innbyggarar og presse. Publikumsmottak og sentralbord. Råd og rettleiing inn til kommunale tenester.  Bistår organisasjonen i kommunikasjonsrådgiving, mediestrategi, innhaldsproduksjon, annonsering og publisering. Beredskapsinformasjon. 

 

Personal og stab
Namn Stilling/Rolle Telefon
Inger Nordby Personalsjef 90012436
Olav Jan Settemsdal Personalkonsulent 94367094
Turid Sættem Eggen Personalkonsulent 46912450
Ingveig Nordvik-Bergstad Konsulent 91876810
Sigrid Janne Moen Arkivar 94864065
Randi Glærum Politisk sekretær 99241079
Kenneth Bergstad Barnehagekonsulent 93061792
Tove Børset Konsulent 90672549
Anne Lise With Wullum Rådgivar kommunikasjon 90850020