Barnevernet sender no ut posten digitalt

Interkommunalt barnevern for Halsa, Rindal og Surnadal har oppstart av elektronisk arkivering frå måndag 30.04.18 kl.12.00, og frå same tidspunkt blir alle utgåande brev sendt digitalt.

Dette betyr at all post frå barnevernet vil koma til din postkasse i Altinn. 

Barnevernet opererer ofte med korte fristar, vi oppmodar difor våre kontaktar til å ta ein sjekk om varslingsinnstillingar og nødvendige tilgangar i Altinn er på plass.