NVE si innstilling til revisjon av konsesjonsvilkåra i Folla-Vindølareguleringa

Vindola_Foto Kåre Olerud - Klikk for stort bilde Etter at Surnadal og Rindal kommunar i 2011 sendte felles krav om revisjon av konsesjonsvilkåra i Folla-Vindølareguleringa har NVE no kome med ei innstilling til nye vilkår.

Dette inneber forslag til nye og andre måtar å drive Trollheimsreguleringa på for å rette opp miljøskader som har oppstått som følge av reguleringa. Kravet frå kommunane var først og framst grunngjeve med behovet for å betre forholda for laks- og sjøaurebestanden i Surna. Dette er vel å merke berre NVE si innstilling. Olje- og energidepartementet skal seinare fastsette dei nye vilkåra.

 

NVE innstiller på at kommunane sine krav til dels skal imøtekomast på fleire punkt. Desse er:

  • Heilårleg og kontinuerleg minstevassføring i Rinna og Bulu
  • Årleg service og stans av Trollheim kraftverk skal ikkje lenger skje om våren i smoltutvandringsperioden  
  • NVE anbefaler at effektkøyring av Trollheim kraftverk på låge vassføringar på dagtid om vinteren skal opphøyre.
  • NVE anbefaler også at senking av vassnivået i Surna som skyldast Trollheim kraftverk normalt ikkje skal være meir enn 5 cm/time. Dette gjeld og på låge vassføringar.
  • Det bør installerast ei ordning for tapping av vatn i Follsjø som gir meir naturleg temperatur på vatnet enn i dag i Surna nedanfor utløpet av Trollheim kraftverk på Harang.

 

Her er link til NVE si innstilling, forslag til reviderte vilkår og forslag til manøvreringsreglement.