Eigenberedskapsveka 2023
Eigenberedskapsveka er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) sin årlege nasjonale kampanje for å minne alle på kva eigenberedskap handlar om i praksis. I år er det fokus på at vi skal øve på korleis vi kan vere best muleg i stand til å handtere ulike scenario som kan ramme oss heime.
Øvings-scenario - små grep kan gi stor effekt
DSB har vald ut fire øvings-scenario eller tenkte situasjonar som gjeld varme, betalingar, informasjon og vatn. Gå inn på nettsida sikkerhverdag.no og klikk på eit tenkt scenario og jobb deg stegvis gjennom øvinga. Øvingane er korte med enkle spørsmål og svaralternativ, og tips og råd.
På sikkerhverdag.no finn du meir informasjon om grunnleggande ting du bør ha tenkt gjennom, og kva du treng for å ha god eigenberedskap om ulike kriser skulle oppstå. Ofte kan det vere små grep du kan gjere som skal til for at eigenberedskapen din blir god.