Innbyggarundersøking: Korleis kan kommunen kommunisere betre med deg?

Bilde av tverrfagleg kommunikasjonsgruppe i Surnadal kommune - Klikk for stort bildeTverrfagleg kommunikasjonsgruppe spør deg!

Korleis kan kommunen kommunisere betre med deg?

God kommunikasjon og informasjon skapar tillit og mulegheit til å påverke. Kommunen gir deg tenester gjennom heile livet. Saman med politikarane jobbar vi for gode tenester til alle.

Vi vil at du skal oppleve ein open og trygg kommunikasjon med oss og at informasjonen vi gir når fram til deg. Korleis opplever du dette? Korleis vil du helst ha det?

Ei gruppe tilsette frå ulike fagområde har fått i oppdrag å utarbeide ein kommunikasjonsstrategi for intern og ekstern kommunikasjon i regi av Surnadal kommune. Det vi ender opp med skal vere basert på innsikt i lokale ønskjer og behov og bidra til at vi oppnår felles mål.

Vi har difor laga eit kartleggingsskjema der vi stiller nokre viktige spørsmål til innbyggarane og andre med tett tilknytning til kommunen vår. Vi håpar så mange som muleg sett av omlag 5 minutt til å svare. Det meste er avkryssingssåørsmål med eit fritekst-spørsmål til slutt. 

Fått e-post frå Surnadal kommune?

Vi har sendt ut e-post til alle med folkeregistrert adresse i kommunen med lenke til eit kartleggingsskjema. Du svarar heilt anonymt. Har du ikkje fått e-post, sjekk søppelpost. Masseutsending kan av og til hamne der.

Du kan også gå til kartleggingsskjemaet ved å bruke lenken under: 

Korleis kan kommunen kommunisere betre med deg?

Hjelp til ikkje-digitale brukarar

Alle frå 12 år og oppover er inviterte til å svare. Det er flott om dei som treng hjelp til å svare, kan få hjelp til dette. Spørsmåla er ikkje personsensitive. Kanskje kan eldre som ikkje er fortruleg med digitale kanalar få hjelp av barnebarn eller andre nærståande til å svare?  Det kan bli ei lærerik stund til refleksjon for båe partar. 

Svarfrist

Svarfristen er torsdag 23. mars.

Takk for at du tek deg tid til å bidra!