Søke på helse og omsorgstenesterDet er eit felles søknadskjema for alle helse- og omsorgstenester i Surnadal kommune. Du kan søke digitalt via HelsaMi frå nettlesar eller app på mobilen. Er du ikkje digital brukar kan du bruke papirskjema. Du finn all nødvendig informasjon på denne sida.No kan du søke om helse- og omsorgstenester via HelsaMiSøknadsskjemaet i HelsaMi erstattar det tidlegare digitale skjemaet. Det tidlegare skjemaet er tilgjengeleg for søknad på papir. Send søknadsskjema i HelsaMiSlik søker du om helse-og omsorgstenester i Surnadal kommuneLogg inn med ID-porten i HelsaMiGå til Meny (tre streker) øvst til venstre i HelsaMi Under fanen Min helse trykk på Søknader og vedtakTrykk på Send inn en henvendelse for å starte skjemaet og velg SurnadalSvar på alle spørsmål og kva tenester du har behov forTrykk Send inn og FortsettVi tar imot søknadar fortløpande. Avhengig av informasjon i søknaden, vil saksbehandlar kunne ta kontakt med deg for vidare saksgang. Gi pårørande tilgang i HelsaMiDu kan også gi dine pårørande tilgang i HelsaMi, slik at dei kan bistå deg med å søke. Slik gjer du det dersom du sjølv brukar HelsaMi (over 16 år)Gå til helsami.no eller opne HelsaMi-appen på mobil. Logg inn med BankID.Opne Meny og vel Innsyn og delingBestem type tilgang du vil giStandardtilgang – kan sjå avtalar og helseopplysningar, sende meldingar og bestille timar.Lesetilgang – kan sjå helseopplysningar, men ikkje kommunisere på dine vegneBerre kommunisere – kan administrere timar og sende meldingar for degFull tilgang – personen ser det same som deg, kan kommunisere på dine vegne og få innsyn i fleire opplysningar.Bekreft og lagre val. Du kan når som helst endre eller fjerne tilgangen. Når tilgang blir innvilga får pårørande eller personen du har gitt tilgang eit varsel i meldingsboksen sin i HelsaMi. Med aktiv pårøranderolle får du moglegheita til å velje den du representerer når du loggar inn.Send søknadsskjema på papirDu kan også bruke utskriftsvennleg søknadsskjema for helse og omsorgstenester (PDF, 239 kB)Skjemaet må fyllast ut, underteiknast og sendast til:Surnadal kommuneKoordinerande einingBårdshaugvegen 1 6650 Surnadal. Du kan kontakte servicetorget eller koordinerande eining for å få skjemaet utdelt ved oppmøte eller få det tilsendt. Du kan også få hjelp av helsepersonell til å fylle ut søknaden.Fullmakt og hjelp av pårørande med søknad på papirPårørande kan hjelpe deg med å fylle ut søknadsskjemaet som du signerer. Du kan også gi pårørande eller nokon andre du stoler på fullmakt til å handle på dine vegne og ta hand om all kommunikasjon som vedrører søknaden din om helse- og omsorgstenester. Fullmakten må leggast ved søknadsskjemaet.Fyll ut og signer fullmaktskjema (PDF, 140 kB)Fullmakt som blir brukt her ved søknad om helse-og omsorgstenester er ikkje det same som Framtidsfullmakt eller Verjemål.Når får eg svar på søknaden?Du vil motta bekreftelse på innsendt søknad.Svar på søknad kjem innan 4 veker.Dersom vi ikkje klarer det, vil vi kontakte deg og fortelle kor lang tid vi trur det vil ta.For å forsikre oss om at du får det tilbodet som passar best for deg, kjem vi vanlegvis på heimebesøk. Avtale om heimebesøk gjer vi med deg eller den du har gitt fullmakt.Du kan få innvilga ein eller fleire helse- og omsorgstenester. Når du søker helse- og omsorgstenester er det koordinerande eining og aktuelle saksbehandlingsteam i tenestene som behandler søknaden.Oversikt over helse- og omsorgstenestene våreVelferdsteknologiPraktisk bistand (Heimehjelp mm)Pårørandestøtte (omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstiltak)Transportstøtte for funksjonshemmaMatombringingDagsenter for eldre/psykiatri/butenestePsykisk helsearbeidFysioterapi og ergoterapiBrukarstyrt personlig assistent (BPA)Individuell planOmsorgsbustad (NB! eige søknadsskjema)HeimesjukepleieKort- og langtidsopphald på sjukeheimBoligveiledning (bustadsosialt arbeid og oppfølging)Klage på vedtakFår du ikkje tilbod om helse- og omsorgstenester du har søkt om, gir vi deg ei begrunning for dette.I svaret får du og informasjon om korleis du klagar. Saksbehandlaren din kan hjelpe deg med å klage.Du kan klage på vedtak i HelsaMi dersom du søkte digitalt.Nyttige lenker:Korleis klage på helse- og omsorgstenester (Statsforvaltaren)Rett til å klage - Helsnorge.noPasient- og brukerombudetInformasjon om rett til helsehjelpNyttig informasjon:Pasient- og brukerombudet Møre og Romsdal: Besøksadresse: Astrups gate 9, 6509 KRISTIANSUND NTelefon +47 71 57 09 00e-post: mr@pasientogbrukerombudet.no Lov om pasient- og brukerrettigheterLov om kommunale helse- og omsorgstenester (Helse- og omsorgstjenesteloven)Helsedirektoratet sin nettside om Helse- og omsorgstjenestelovenHelsenorge.noSlik behandlar vi personopplysningane dineSurnadal kommune ivaretar informasjonssikkerheit og personvern i samsvar med reglane i personvernforordninga.Les meir om korleis kommunen handterar personopplysningar her (Orkidé -kommunane)Opplysningar i Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) inneheld data frå kommunane om personar som har søkt om, mottar eller har mottatt helse- og omsorgstenester. Dette er regulert ved forskrift. Les meir om KPR (FHI)Om verge/verjemål og framtidsfullmaktVerjemålVanlege verjemål er frivillig, og verjen kan ikkje gjere noko som personen sjølv ikkje ønskar. Det er eit prinsipp at verjen skal bidra til å styrke personens sjølvbestemmelse. Begrensningar i sjølvbestemmelse skjer kun dersom rettsvesenet har beslutta å frata personen hans eller hennar rettslege handleevne. Les meir om verjemål hos Sivilrettsforvaltningen.FramtidsfullmaktFramtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål. Dersom du planlegg å skrive ei framtidsfullmakt, anbefaler vi at du tar deg tid til å lese informasjon om framtidsfullmakt hos Sivilrettsforvaltningen. Ein framtidsfullmakt trer ikkje i kraft før den som har gitt fullmakten ikkje lenger er i stand til å ta hand om sine eigne interesser. Dette må bli dokumentert og stadfesta før den trer i kraft.NB! Fullmakt eller tilgang for pårørande i HelsaMi til bruk f. eks ved søknad om helse-og omsorgstenester - som nevnt oppe på denne sida - utgjer ein annan langt meir begrensa type fullmakt enn framtidsfullmakt. Sist endret 10.04.2026 16:03