Individuell plan

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse-og omsorgstenester, har du rett til å få utarbeidd individuell plan. Rett til individuell plan er uavhengig av din alder, diagnose og funksjon.

Kva er individuell plan?

Individuell plan er eit verktøy og plandokument som skal hjelpe deg til sette personlege mål for korleis du kan få det betre. Planen skal sikre at du får eit heilskapleg, koordinert og tilpassa tenestetilbod.

Individuell plan er din plan, difor er det viktig at du deltar aktivt i å lage han. Det er dine mål, ressursar og behov for tenester som skal vere grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen.

Du skal få tilbod om ein koordinator som skal vere ansvarleg for å utarbeide planen saman med deg. Din koordinator skal også vere ansvarleg for samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med planen din.

Individuell plan skal ikkje utarbeidast utan samtykke frå deg, eller den som kan samtykke på vegne av deg.

Eit krav om individuell plan kan fremmast både skriftleg og munnleg.