Omsorgsbustader

Kommunale omsorgsbustader er tilrettelagt for eldre menneske med funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å meistre kvardagen i ordinær bustad. 

Kva tilbyr vi?

Omsorgsbustadene er tilrettelagt for bevegelseshemma personar. Dersom du bur i omsorgsbustad, blir det rekna som din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold.

Omsorgsbustadane har fast bemanning som jobbar i turnus. Nattevakta ved heimesjukepleia har tilsyn på natt. Bebuarane ved omsorgsbustaden blir tildelt heimesjukepleie etter behov, på lik line med andre heimebuande.

Korleis få omsorgsbustad?

Omsorgsbustad får du ved å benytte søknadskjema nedanfor.

Surnadal kommune har teke i bruk Husbanken si løysing KOBO, for handtering av søknader på omsorgsbustad.

Det er koordinerande eining som behandlar søknaden og du får vanlegvis svar innan fire veker.

 

Lenke til digitalt søknadsskjema