Kommunedelplan for NaturmangfoldSurnadal kommune lager ein plan for naturmangfold og ber om innspel til arbeidet Gøran Bolme iTrollheimen AS Tapet av naturmangfald er aukande både i Norge og i resten av verda, og fleire artar er trua av utrydding no enn på noko anna tidspunkt i historia. Nedbygging av areal er den viktigaste årsaka. Bærekraftig bruk og forvaltning av natur er avgjerande for å stanse denne utviklinga. Korleis kan du bidra? Delta i ei spørreundersøking. Du velger sjølv om du vil svare på alle spørsmåla. Det tek omtrent 5 minutt å fullføre undersøkinga. Følg denne lenka: https://forms.office.com/r/NteJbJSSpg Eller send ein epost til post@surnadal.kommune.no med tema «Kommunedelplan for naturmangfold» Har du forslag til noko som bør gjerast for å ta betre vare på naturen i kommunen? Kjenner du til verdifull natur som du trur kommunen ikkje veit om? Kjenner du til truslar mot naturverdiane som du trur kommunen har dårleg kunnskap om? Er det tema du meiner vi veit for lite om, der kunnskapen må aukast? Veit du om område med framande artar? (td Rynkerose, Kjempespringfrø og Parkslirekne) (legg gjerne ved eit kart som viser område https://geoinnsyn.no/?application=orkide&project=surnadal ) Dersom du ønsker meir info om kommunedelplan for naturmangfold ta kontakt med kommunen på 901 77 053 Frist for innspel er sett til 1. mai 2022.