Eldrerådet Kvar kommune og fylkeskommune skal ha eldreråd. Alle saker som gjeld eldre skal foreleggast for rådet. Rådet kan og ta opp saker på eige initiativ. Formål med eldreråd Formålet med eldrerådet er å bidra til å sikre ei brei, open og tilgjengeleg medvirkning i saker som gjeld eldre. Det er behov for eldreråd fordi eldre ofte er underrepresenterte i folkevalgte organ. Det er viktig at synspunkt frå eldre blir ivareteke i kommunale og fylkeskommunale beslutningsprosessar og det er derfor krav om eldreråd i kvar kommune og fylkeskommune. Medlemmar av eldreråd Eldrerådet skal veljast av kommunestyret. Eldrerådet har 5 medlemmer og 5 varamedlemmer. Pensjonistforeiningar har rett til å komme med framlegg om medlemmer til eldrerådet. Fleirtalet av medlemmene skal vere alderspensjonistar i kommunen. Eldrerådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar, som skal veljast mellom pensjonistane. Vala gjeld for den kommunale valperioden. Eldrerådet Medlemmar Varamedlemmar Johannes J. Vaag (leiar) Ingeborg Bruset Kirsten Drøpping Jorunn Bævre Olav Jostein Holten, nestleiar Lisbet Ranes Jorunn Ness Magnus Kristian Bævre Sist endret 12.05.2023 10:38