Du har stemmerett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- Norsk statsborgar
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og medlemmar av deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.
Kva er manntalet?
Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistret som busett i den 30. juni 2025.
Dersom du har flytta, og ønsker stemmerett i den nye kommunen, må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni. Dersom du flyttar etter 30. juni, har du stemmerett i kommunen du flyttar frå.
Er du ny statsborgar?
Som ny statsborgar med stemmerett blir du ført inn i manntalet i kommunen du er folkeregistrert som busett i. Dette gjeld også dersom du har blitt ny statsborgar etter 30. juni.
Bur du i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Norge tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i:
- Har du vore busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett.
- Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntalet i kommunen du sist var registrert som busett i når du stemmer.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemmar, som aldri har vore registrert som busett i Norge, blir ført inn i manntalet i Oslo kommune.
Slik sjekkar du om du står i manntalet
Manntalet blir lagt til offentleg ettersyn i servicetorget innan 10. juli. Meiner du at du sjølv eller andre uriktig er blitt innført i eller utelatne frå manntalet i kommunen, kan du kreve at feilen blir retta. Eit slikt krav må vere skriftleg og begrunna og skal sendast til valstyret i kommunen innan 3. september.
Surnadal Valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal