Når og kor kan eg stemme?

Førehandsstemme

Du kan førehandsstemme på Surnadal kulturhus frå 11. august til 5. september. 

  • Måndag - fredag: Kl. 09.00 - 15.30 og kl. 09.00 - 17.00 dei to siste vekene 
  • Fredag før valdagen: kl. 09.00 - 15.30

Stemme på valdagen

Valdagen er 8. september. På valdagen kan du stemme i Surnadal dersom du har stemmerett og du var folkeregistrert som busett her per 30. juni 2025.  Du kan stemme ved det vallokale du ønsker. 

  • Surnadal kulturhus kl. 10.00 - 20.00
  • Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter kl. 12.00 - 20.00
  • Todalen og Stangvik oppvekstsenter kl. 12.00 - 20.00

Førehandsstemme på institusjon og skular

  • Surnadal vidaregåande skule: Tysdag 26. august kl. 10.00 – 12.00
  • Nordmøre folkehøgskule: Tysdag 26. august kl. 13.00 – 15.00
  • Surnadal sjukeheim: Onsdag 27. august kl. 10.00 – 12.00
  • Bårdshaugen omsorgsbustader: Onsdag 27. august kl. 13.00 – 15.00

Førehandsstemme heime

Veljarar som er sjuke eller uføre kan søke om å stemme heime eller der dei oppheld seg etter nærmare avtale. Søknad om dette må ha komme inn til kommunen innan klokka 12.00 torsdag 4. september. Søknaden må innehalde namn, telefonnummer, adresse og personnummer. 

Søk per e-post til post@surnadal.kommune.no eller per brev til:

Surnadal Valstyre
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Stemme frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen

Fra 1. juli til 29. august kan veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet førehandsstemme på norske ambassadar og andre utenriksstasjonar og oppnemde stemmemottakarar på Svalbard og Jan Mayen.

Nærmare valet finner du stemmestader i utlandet på valglokaler.no. Veljarar i utlandet som ikkje har anledning til å oppsøke ein stemmemottakar, kan stemme ved brevpost. Ved brevstemming har veljarane sjølv ansvar for at stemmen kjem inn til valstyret i riktig kommune innan klokka 17.00 den 9. september.

Tidlegstemme

Dersom det ikkje er mogleg for deg å førehandsstemme eller stemme på valdagen kan du ta kontakt med kommunen om å tidlegstemme frå 1. juli til 8. august.

Generell informasjon (valg.no)

Stemmetider og vallokale iheile  Norge (valgportalen.no)