Bæverfjord barnehageLokalisering Bæverfjord barnehage ligg i Bæverfjord og er ein del av Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter. Vi har fin natur med elv, sjø, skog og fjell i barnehagen sitt nærområde. Organisering Bæverfjord barnehage er ein barnehage med ei avdeling som har 18 plassar frå 1-6 år. Vi er ein del av Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, som består av skule 1-7, Bøfjorden barnehage som ligg i Bøfjorden, og Bæverfjord barnehage. Særpreg Vårt hovudfokus er omsorg, leik og læring, samt aktiv bruk av bygda sin natur og nærmiljø. Sist endret 23.04.2025 15:23