Betaling barnehage

Her kan du finne informasjon om prisar og satsar på det som gjeld barnehageplass. I tillegg finn du informasjon om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Prisar barnehage
Betalingssatsar for opphald i barnehage
Storleik på plass Pris pr. 01.01.2023
41 timar eller meir (100%) Kr. 3.000 pr. mnd
33 - 40 timar (82,22%) Kr 2.570 pr. mnd
25 - 32 timar (64,44%) Kr 2.010 pr. mnd
Enkeltdagar Kr 320 pr. gong

Søskenmoderasjon

1. Barn som har plass i to ulike barnehagar, betaler etter samla dagtal.

2. Når ein familie har fleire barn i barnehage, blir det gitt slik søskenmoderasjon:

  • 30% reduksjon for 2. barn
  • 50% reduksjon for 3. barn

3. Det barnet i ein søskenflokk som får den høgaste foreldrebetalinga når eventuell
reduksjon for friplass er trekt frå, gjeld som barn nr 1 og får ikkje søskenmoderasjon.

Det barnet som får den lågaste foreldrebetalinga når eventuell reduksjon for friplass er rekna med, får moderasjon som det siste i søskenflokken.

Det blir gjeve søskenmoderasjon etter vanlege reglar på den delen eit barn ikkje har rett til friplass etter opplæringslova.

4. For tilbodet med enkeltdagar blir det ikkje gjeve søskenmoderasjon.

5. Det er høve til å søkje om å få redusert foreldrebetaling dersom betalinga av barnehageplass utgjer meir enn 6% av den samla dokumenterte inntekta til familien.

6. Dersom den dokumenterte inntekta er under gjeldande nasjonal sats,-, kan ein søkje om gratis kjernetid 20 timar pr. veke, når barnet er 2, 3, 4 og 5 år.

Pris kost
Betalingssatsar 2023 barnehagar - kost
Storleik på plass Pris kost pr 01.01 2023
41 timar eller meir kr 280 pr. mnd.
33 - 40 timar kr 220 pr. mnd.
25 - 32 timar kr 180 pr. mnd.
Enkeltmåltid kr 40 pr. gong

 

Redusert foreldrebetaling

Redusert foreldrebetaling går ut på at ingen hushaldningar skal betale meir enn 6 % av inntekta si for ein barnehageplass. Maxprisen for 100% barnehageplass er frå 01.01.2023 kr 3000.

Kven kan få tilbodet?

Hushaldningar som samla har lågare inntekt enn kr 598 825 (frå 1.8.2022) kan søkje om reduksjon i foreldrebetalinga i barnehagen.

Dokumentasjon

Du må legge ved dokumentasjon på inntekta til alle i husstanden. Med dokumentasjon meiner vi i hovudsak skattemeldinga for siste året.

Søknadsfrist

Dersom vedtaket skal gjelde for heile barnehageåret, må du ha søkt innan 20. juni
Dersom du søkjer etter denne fristen, vil vedtaket gjelde frå den 1. i månaden etter søknad

Korleis skal du søkje

På Føresetteportalen VISMA Flyt Barnehage vil du kunne søkje om redusert foreldrebetaling

Søk her

Gratis kjernetid

Frå 1. august 2020 har alle 2, 3, 4 og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt, rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage. Frå 1. august 2022 ligg inntektsgrensa for gratis kjernetid på kr. 598 825,-.

Korleis skal du søkje?

Føresetteportalen VISMA Flyt Barnehage vil du finne lenke for å søkje om gratis kjernetid.

Flyktningar og andre som ikkje har fått personnummer enda må ta kontakt med oppvekstfagleg rådgjevar. Sjå kontaktinformasjon.



 

 

Kontaktinformasjon

Kenneth Bergstad
Oppvekstfagleg rådgjevar
E-post
Mobil 93 06 17 92

Åpningstider

Telefontid: 09:00 - 15:00
Kontortid:  09:00 - 15:00