Bårdshaugen omsorgsbustader
Kommunale omsorgsbustader er tilrettelagt for eldre menneske med funksjonssvikt som gjer det vanskeleg å meistre kvardagen i ordinær bustad. Omsorgsbustadene er tilrettelagt for bevegelseshemma personar. Dersom du bur i omsorgsbustad, blir det rekna som din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold.
Kva tilbyr vi?
Bårdshaugen omsorgsbustader består av 26 leiligheiter. Størrelsen på leiligheitene varierer frå 42 - 66 kvadratmeter. Bygget har to etasjar og det er installert heis.
Omsorgsbustadane har fast bemanning som jobbar i turnus. Nattevakta ved heimesjukepleia har tilsyn på natt. Bebuarane ved omsorgsbustaden blir tildelt heimesjukepleie etter behov, på lik line med andre heimebuande.
Korleis få omsorgsbustad?
Det er eitt felles digitalt søknadsskjema for alle typar helse- og omsorgstenester i vår kommune. Søknadsskjemaet kan også hentast i papirversjon ved oppmøte i sørvistorget. I søknadsskjemaet beskriv du kva hjelpebehov du har. Du kan også få hjelp av helsepersonell til å fylle ut søknaden. Det er koordinerande eining som behandlar søknaden og du får vanlegvis svar innan fire veker.
Søknadsskjema og informasjon om søknadsprosessen finn du her
Sist endret 21.12.2022 09:35