Tilsynsførar

Alle barn bosatt i fosterheim skal med jamne mellomrom få besøk av ein person som har tilsyn og kontrollere at barnet har det bra.

Kvifor har vi tilsynsførar?

Et barn som bur i fosterheim har flytta frå foreldra sine og inn i ein privat heim. I eit privat heim er mulegheitene for openheit og innsyn begrensa.

Nokre barn synes det er vanskeleg å snakke med fosterforeldra om korleis dei har det. Alle barn som bur i fosterheim skal så ofte som nødvendig, og minimum fire gongar i året, få besøk av ein person som kommunen har engasjert for å kontrollere at bornet har det bra.

Denne personen skal ikkje vere tilsett som kontaktperson i barnevernet, og skal heller ikkje ha nær relasjon til fosterheimen. Tilsynspersonar skal alltid ta sikte på å få til eit godt samarbeid med barneverntenesta og fosterheimen om informasjon, faglegheit og tilgjengelegheit.

Barnets beste skal ligge til grunn

Barnets beste skal alltid ligge til grunn. Barnet har rett til å medvirke i form av samtale med tilsynspersonen sin. Fosterhjemmet har på sin side plikt til å åpne hjemmet for besøk av tilsynspersonen.

Fosterheimen skal og støtte barnet ved å ha gode rammar for tilsynet, for eksempel ved å motivere barnet til å snakke med tilsynspersonen åleine i eller utanfor fosterheimen.

Kommunen som barnet bur i er oppdragsgjevar og ansvarleg for opplæring og oppfølging av tilsynspersonen.  Å vere tilsynsperson er basert på oppdrag og blir lønna per time.

Kva krevs for å bli tilsynsperson?

Det er ikkje spesielle krav til utdanning men tilsynspersonen må være egna til å utføre oppgåva, og ha nødvendig erfaring og kunnskap om arbeid med barn. Tilsynspersonen skal gjere seg opp ei meining om barnet får forsvarleg omsorg i fosterheimen eller ikkje, og om barnevernet sine føresetnader for å plassere barnet i fosterheimen blir oppnådd.

Tilsynspersonen må etablere eit tillitsforhold til barnet for å kunne utføre oppgåva, og ha følgjande personlege eigenskapar:

  • evne til å snakke med vaksne og barn på ulike alderstrinn
  • vere sensitiv, oppmerksam og ta barnet på alvor
  • må kunne formidle skriftleg minst fire gonger i året til barneverntenesta om barnet blir ivareteke på ein god måte eller ikkje
  • må ha struktur, kunne overhalde tidsfrista og ha evne til å ta imot og søke veiledning
  • må ha god vandel, politiattest må leggast fram.

Korleis rapporterar du som tilsynsfører etter gjennomført tilsyn?

Som tilsynsfører kan du bruke dette skjema for å rapportere tilsyn

Barneverntenesta tilbyr

  • opplæring
  • gruppesamlingar for tilsynspersonar
  • mulegheit for individuell veiledning
  • økonomisk godtgjering etter dei satsane som gjeld for Indre Nordmøre barnevernteneste