Kreftkoordinator

Foto av park med blomster - Klikk for stort bilde Lediard foto

Kreftkoordinator er eit tilbod til deg som har eller har hatt kreft og til dine pårørande.

Lokal kreftkoordinator

Surnadal kommune har lokal kreftkoordinator som er tilgjengeleg og bistår kreftsjuke og pårørande.

Kari Øyen er lokal kreftkoordinator. På kveldstid og dei dagane lokal kreftkoordinator ikkje er å treffe kan du ringe heimesjukepleien på telefon 902 06 398.

Regional kreftkoordinator

Liv Ågot Hågensen er regional kreftkoordinator for kommunane Hemne, Rindal, Surnadal, Frøya, Rennebu og Skaun. Kommunane samarbeider om ein regional kreftkoordinator i 20 % stilling. 

Kva gjer regional kreftkoordinator?

  • Kreftkoordinator skal i samarbeid med den enkelte kommune koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best muleg måte.
  • Kreftkoordinator skal være lett tilgjengeleg for pasientar og pårørande, og vidareformidler kontakt med ressurssjukepleiar innan kreft i den enkelte kommune
  • Kreftkoordinator skal bidra til gode rutiner og system for kreftomsorg i kommunane på tvers av tenesteområde
  • Kreftkoordinator skal bidra til tverrfagleg koordinering og samarbeid i kommunen og mellom kommunen og spesialisthelsetenesta

Som regional kreftkoordinator vil mykje av arbeidet bestå i eit ”sørge-for-ansvar”, ei koordinering av kreftomsorgsarbeidet, gjennom og via dei ressursane som finnst i kommunane.

Kreftkoordinatoren er tilgjengeleg på telefon for alle innbyggarane i  kommunane Hemne, Rindal, Surnadal, Frøya, Rennebu og Skaun