Elvebakken fysioterapi

Elvebakken fysioterapi ved fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset, er tildelt avtaleheimel med driftstilskot frå Surnadal kommune.

Kva kostar det?

Avtaleheimelen betyr at pasientane får refusjonar, slik at dei betalar ein eigenandel og Helfo resten. Pasientar med frikort betalar ikkje eigenandel ut kalenderåret.

Sjå helsenorge.no for informasjon om Eigenandel hos fysioterapeut eller Frikort for helsetenester

Kontaktinformasjon

Fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset held til i lokala til tidlegare Lund Fysioterapi i Røssmovegen 16.

Elvebakken fysioterapi har telefon: 71 66 11 66