Kommuneoverlegen er kommunens medisinskfaglege rådgivar og har i tillegg tilsynslegefunksjon ved Surnadal sjukeheim.
Sentrale oppgåver for kommuneoverlegen
- Vere tilgjengeleg for medisinskfagleg rådgiving til helse- og omsorgstenestene i kommunen, og til andre tenesteområde med betydning for folkehelsa, for eksempel skular, barnehagar, vassforsyning og renovasjon. Kommuneoverlegen gir også råd direkte til befolkninga og til kommunepolitikarane.
- Delta i kommunens førebyggande folkehelsearbeid.
- Delta i kommunens kriseleiing og gi medisinskfagleg rådgiving til beredskapsplanlegginga.
- Vere kommunens smittevernlege.
- Bistå i samarbeidet mellom kommunens helsetenester og sjukehus
Kommuneoverlegen skal også vere tilgjengeleg i forhold til akuttmedisinske katastrofar, alvorleg forureining, arbeid med tvinga psykisk helsevern, akutt smittevern og andre samfunnsmedisinske relevante krisesituasjonar.
Kommuneoverlegen kan fatte hastevedtak ved behov innafor sitt område.
Sist endret 03.03.2026 11:29