Rådgivande eining for russaker (RER)Kommunen er lovpålagt å ha ei rådgivande eining som skal gi generell informasjon, råd og rettleiing vedrørande rus til personar som blir pålagd møteplikt ved eininga av styresmaktene.Rådgivande eining for russaker vidareformidlar kontakt til aktuelle tenester og tiltak etter behov, for dei som sjølv ønsker rådgiving om rus.Kven kan få tilbod?I hovudsak er det dei som har blitt pålagde rådgiving av styresmaktene ved ein dom eller ein påtaleunnlatelse som skal få rådgiving frå den Rådgivande eininga for russaker. Men eininga vidareformidlar kontakt til aktuelle tenester og tiltak for dei som ønsker frivillig rådgiving om rus og rusmiddel etter behov.Kontaktinformasjon for oversendelsar frå påtalemyndigheita:Post sendes digitalt til kommunens org.nr.: 964 981 892merket:Unntatt offentlighet etter Offentleglova §13Rådgivande eining for russaker v/Surnadal kommuneAnn-Elin Stenberg, Einingsleiar Helse og familie .Send brev sikkert med eDialog her Sist endret 11.03.2026 14:43