RuskonsulentRuskonsulenten jobbar med å førebygge rusproblematikk og koordinere hjelp til personar som har utfordringar knytta til rus. Kven kan få tilbodet? Vi tilbyr gode og individuelt tilpassa tenester til personar som har utfordringar med rus og samansette behov. Alle som kontaktar oss får tilbod om hjelp så tidleg som muleg. Ta kontakt for hjelp og støtte dersom du rusar deg aktivt (illegale rusmiddel og/eller alkohol) du har tidlegare rusa deg og er redd for tilbakefall du kjenner på press til å ruse deg du er bekymra for nokon som rusar seg eller du trur rusar seg du er pårørande til nokon som rusar seg Kva tilbyr vi? Vi tilbyr hjelp og utformar tiltak ut i frå kvar person sine ønskjer og behov. Dette kan for eksempel vere: støttesamtalar råd og rettleiing informasjon koordinering og individuell plan ved behov hjelp til vidare tilvising til spesialisthelsetenesta / rusinstitusjonar oppfølging/bistand før, under og etter opphald i spesialisthelsetenesta eller fengsel oppfølging ved Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) Ruskonsulenten har gratis utdeling av brukarutstyr. Korleis kontakte ruskonsulent? Du kan ta kontakt med tenesta direkte. Tenesta er gratis og ruskonsulenten har teieplikt. Du treng inga tilvising. Ruskonsulenten held til ved Elvebredden møteplass, som er ei avdeling for psykisk helse og rus ved Sommerrotunet Aktivitetshus, Røssmovegen 26, 6650 Surnadal. Sjå kontaktinformasjon og kart på denne sida. Hjelpetelefonar: Rustelefonen Tlf. 915 08 588 AA Anonyme Alkoholikere Tlf. 911 77 770 NA Anonyme Narkomane Tlf. 905 29 359 Nordmøre Krisesenter Tlf. 715 74 870 Sist endret 23.05.2023 12:38