Ungdomskontakt

Ungdomskontakten er eit førebyggande tilbod for ungdom i alderen 12 - 23 år. Det er gratis og frivillig å få hjelp frå Ungdomskontakten. 

Kva tilbyr vi?

Ungdomskontakten er eit lågterskeltilbod for ungdom som har behov for ekstra støtte i kvardagen. Ei av målsettingane med Ungdomskontakten er å skape kontakt med ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon så tidleg som muleg. Ungdomskontakten er opptatt av at ungdom skal bli sett, høyrt og forstått i situasjonen dei står i. Slik kan vi saman med ungdommane hjelpe dei til å ta gode val for seg sjølv.

Når kan Ungdomskontakten hjelpe deg?

Ta gjerne kontakt dersom

  • du har spørsmål om rus
  • du ønsker nokon å snakke med
  • du ønsker hjelp til å komme i kontakt med andre hjelpeinstansar
  • du har psykiske problem (stressa, lei deg, deprimert, søv lite og er sliten)
  • du er bekymra for ein venn
  • du er pårørande og er bekymra
  • du har det vanskeleg på skulen eller heime
  • du er forelder og treng råd
  • du er ein som jobbar med ungdom og har behov for råd eller veit om ungdom som treng ekstra støtte.

Kven samarbeider vi med?

Ungdomskontakten har teieplikt. Det du fortel Ungdomskontakten kan ikkje bli fortalt vidare utan at det er greitt for deg. Ungdomskontakten er bunden av noko som heiter meldeplikt. Dersom du står i ein alvorleg situasjon der du kan skade deg sjølv eller andre har Ungdomskontakten plikt til å gå vidare med det. Dette skjer aldri utan at ungdomskontakten fortel det til deg først. 

Ungdomskontakt er ein del av Ungdomsteamet i Surnadal og samarbeider tett med tenestene i kommunen rundt ungdom. Ved behov kan Ungdomskontakten hjelpe ungdom med å få kontakt med andre hjelpe –eller behandlingstilbod.

Korleis ta kontakt?

Ungdomskontakten heiter Kristin Børset og har kontor i Sommerrotunet Aktivitetshus, Røssmovegen 26 (inngang til venstre).

Open treffetid

  • På Surnadal barne- og ungdomsskule måndagar kl. 10-11.30 og onsdagar kl. 10-14.
  • På Surnadal vidaregåande skule måndager kl. 11.30-14 og tysdagar kl. 10-14.

Ungdomskontakten kan nås på mobil 91 15 93 10 og på e-post: kristin.boerset@surnadal.kommune.no

Møt oss i sosiale media