Vaksine mot kikhoste
Kikhoste er svært smittsamt og er spesielt alvorleg for småbarn, som kan bli alvorleg sjuke. God vaksinasjonsdekning i befolkninga begrensar smittespreiing, men verken vaksinasjon eller gjennomgått sjukdom gir varig beskyttelse. Difor kan vi av og til få ei oppblomstring av kikhostebakterien.
Kikhoste kan i starten likne ein vanleg luftvegsinfeksjon, men etter kvart vil ein få kraftig, anfallsvis hoste. Denne hosten kan vare i veker og månader, derav namnet «hundredagarshoste». Ein treng ikkje ha kike-lyd på innpust for å ha kikhoste.
Vaksine til barn
Alle barn i Norge får tilbod om kikhostevaksine i barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinen som gis er ei kombinasjonsvaksine som beskyttar mot difteri, stivkrampe og polio, i tillegg til kikhoste. Ungdomsskuleelevar får si siste oppfriskingsdose i 10. klasse.
Vaksine til vaksne og gravide
Immuniteten avtar med åra, og Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at alle vaksne tar oppfriskningsdoser av vaksinen omtrent kvart tiande år. I yrker der det er tett kontakt med små barn, som barnehagetilsette og helsepersonell med omsorg for barn, er dette særleg viktig. Dette gjeld også foreldre, besteforeldre og andre omsorgspersonar til spedbarn.
Frå mai 2024 tilbys kikhostevaksine til gravide for å beskytte det nyfødte barnet. Vaksinen tilbys i svangerskapsveke 24, som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.
FHI sine råd til befolkninga
- Følg anbefalingane om vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet, og det nye tilbodet om kikhostevaksine til gravide
- Hugs å ta oppfriskningsdose kvart 10. år
- Kikhoste liknar på andre forkjølelsar første veka, før den kraftige hosten startar. Kraftig hoste kan vere kikhoste, og kontakt med lege må vurderast.
- Ved påvising av kikhoste, kan antibiotikabehandling som blir starta i løpet av dei første 3 vekene mildne og forkorte sjukdomsforløpet. Det gjeld personar i alle aldre.
- Familiar med spedbarn bør begrense besøk av personar som har forkjølelsessymptom
- Ha låg terskel for å oppsøke lege ved sjukdom hos spedbarn under 3-månedersalder
Helsetasjonen tilbyr kikhostevaksine til anbefalte grupper. Ta kontakt med Helsestasjonen for å bestille time. Pris kr. 700. Andre kan henvende seg til apoteket.
Les meir hos FHI om smittetrend med kikhoste