Støttekontakt

Støttekontakt er ei lovfesta teneste/kommunal ordning som blir gitt til deg som har behov for hjelp til å få ei meiningsfull fritid.

Visse kriterie må vere oppfylt for å få innvilga støttekontakt.

Kva kan ein støttekontakt hjelpe deg med?

Støttekontakten kan kome på besøk til deg, bli med på kafe, kino, trening, kulturelle arrangement eller andre sosiale aktivitetar.

Støttekontakten kan hjelpe deg gjennom sosialt samvær og ulike aktivitetar, til å bli meir trygg på deg sjølv, og at du betre kan takle ulike livssituasjonar og vera saman med andre menneskje i større grad.

Kva kostar det?

Støttekontakttenesta er gratis.                                                                 

Dersom støttekontakten skal vere saman med deg på kino, konsertar, kafe og liknande, må du dekkje alle utgiftane i samband med dette. 

Informasjon til deg som vil jobbe som støttekontakt:

Det krevst inga formell utdanning for å vera støttekontakt.                                                                                 

Sjølv om det ikkje er noko krav i lovverket, må støttekontakten ha fylt 18 år for å vere moden nok til å ta ansvar for andre personar. Aldersgrensa følgjer av ansvarstyngde som følgjer oppdraget.

Støttekontakten skal lønnast etter kommunen sitt vanlege lønssystem.

Hvis du er interessert, kan du ringe eller ta kontakt med Koordinerande eining ved rådgjevar Elizabeth Miciano på tlf. 48203716.

Kontaktinformasjon

Elizabeth Miciano
Rådgjevar
E-post
Mobil 48 20 37 16