Kven kan få følgekort?
- Har du ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting som varar minimum 2 år, kan du få følgekort.
- Følgjeort blir tildelt uavhengig av søkar sin økonomi eller livssituasjon.
- Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense.
Formål
Formålet med ordninga er å førebygge isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har ei funksjonsnedsetting som gjer at ein treng følge for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller bruke offentleg transportmiddel, skal med følgekortet kunne ha med seg eit følge, utan at den personen treng å betale for billetten. Hovudregelen er at ledsagar skal komme gratis inn, men enkelte stader gis det berre rabattert billett.
Les meir om ordninga på helsenorge.no og i appen ledsagerbevis.no
Korleis søke?
Det er kommunen som avgjer om du kan få følgjkort. Last ned og fyll ut søknadsskjema (PDF, 61 kB).
Klage ved avslag på følgekort
Dersom du får avslag på søknad om følgekort, kan du klage på dette. Kommunen skal gi deg rettleiing om korleis du klagar. Klagen skal sendast til kommunen, som skal vurdere søknaden din på nytt.