Inn på tunet-tilbod for eldre heimebuande

 

Bilde av høner på ei eng - Klikk for stort bilde

Surnadal kommune har i samarbeid med to private tilbydarar organisert eit triveleg Inn på tunet-tilbod for heimebuande personar som har behov for meir aktivitet i kvardagen. Målgruppa er personar som har utfordringar med hukommelse og liknande.

Om Inn på tunet-tilbodet:

Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Reviderte og godkjende gardar tilbyr aktivitetar som gjev meiningsfylt arbeid, kjensle av meistring, utvikling og trivsel.

Tilbodet er fordelt på to gardar:

  • 2 dagar på Bele, Jostua
  • 2 dagar på Oppistua Øye

Tilbodet varer i 5 timar frå tilbydar reiser heimefrå til etter levering av alle deltakarane. Opphaldstida vil difor variere avhengig av kor spreidt deltakarane bur.

Det er små grupper på maks. tre personar per dag.

Det blir servert to måltid (førmiddagsmat og middag) og vi held på med ulike aktivitetar tilpassa årstida og den enkelte deltakar.

Stikk-innom-tilbod:

Under føresetnad av at det er ledige dagplassar på ein av gardane er det muleg å nytte eit stikk-innom tilbod. Dette lyt avklarast med vakttelefon i heimetenesta seinast dagen før.

Tidsrom: Måndag-fredag kl. 08:00-15:00

 

Logo Inn på tunet - Klikk for stort bilde

Kontaktinformasjon om tilbod:

  • Heimesjukepleien:                 902 06 398
  • Koordinerande eining:     482 03 716
  • Helga Bele:                      404 76 087
  • Solveig Haglund:             997 22 268

 

 

Betaling:

Ved dagtilbod skal ein betale kr. 275,- per dag.

Dette inkluderer to måltid og transport til og frå tunet. Det blir gjeve betalingsfritak ved sjukdom/sjukdomsinnlegging og når fråveret blir varsla minst to dagar på førehand. Ein betalar for tildelt dagtilbod per månad. Dersom ein ikkje ønskjer å nytte dagtilbodet har ein oppseiingsfrist på 14 dagar.

Inn på tunet Surnadal har eiga Facebook-side