Svinviks arboret

Svinviks arboret er ein unik botanisk hage her på Nordmøre.

Mellom dei bratte fjella og Todalsfjorden finst 350 ulike slag av rhododendron og eit hundretals bartreslag planta i bergskråningane, og mange uvanlege og vakre lauvtre og busker og fine blomsterbed. Blomstringa frå vår til sommar har i over 60 år gjort hagen til ein stor turistattraksjon i kommunen.

Hagen er open frå mai til august, med omvisingstilbod, sommarkafé og plantehandel. Anlegget er drive av Nordmøre museum.

Les meir om Svinviks arboret hos Nordmøre museum.