Kapittel 3: Frivilligheita

Klikk for stort bilde  

«Frivilligheten er en stor og selvstendig del av vårt samfunn som gir en merverdi til den som bidrar og til samfunnet som helhet. Å være frivillig gir kompetanse, erfaring, sosial tilhørighet og mestring til enkeltmennesket. Samtidig skaper frivilligheten fellesskap, den bidrar til en bedre hverdag for mange mennesker, og den bidrar til samfunnsutviklingen gjennom å utfordre og sette dagsorden…

…Velferdssamfunnet slik vi kjenner det i dag ville ikke sett slik ut om ikke frivillige organisasjoner hadde hatt mot og kraft til å ta tak i uløste oppgaver.» (Frivilligerklæringa 01.06.2015, regjeringa)

    Status

    Det er mange frivillige organisasjonar i Surnadal kommune. Om ein reknar med dei som arbeidar for andre oppgåver enn innafor kulturlivet, (som t.d. sosiale og religiøse føremål), er det om lag 140 registrerte frivillige organisasjonar. Det ligg ikkje føre oversikt over kor mange som er engasjert i desse organisasjonane, men det er rekna med at frivillig innsats i tal årsverk utgjer om lag 5-6% av innbyggarartalet i ein kommune. Det vil seie at med om lag 5900 innbyggarar vil det for Surnadal sin del utgjere minst 295 årsverk. Dersom ein reknar ut i frå at eit årsverk er på kr 300 000, vil det seie at det blir utført eit frivillig arbeid for minst 88,5 mill. kroner i Surnadal kvart år.

    Desse årsverka blir m.a. bruka til festivalar, idretts og kulturarrangement, etablering og drift av kultur og idrettsanlegg, bygdebok- og anna lokalhistorisk aktivitet, beredskapsarbeid og i andre frivillige organisasjonar. 

    Kommunen starta opp Frivilligsentral samlokalisert  med Ungdomsklubb i 2020. 

    Frivillige organisasjonar har motteke 10 114 000,- kroner gjennom spelemidlar, drifts- og prosjektstøtte frå kommunen den siste planperioden. Av dei er 6,4 millionar tilskot komen gjennom spelemiddelordninga, tilskot frå fylket er ikkje rekna inn i denne oversikta, den går direkte til søkaren og ikkje gjennom kommunen.

    Du finn meir om frivilligområdet i "Plan for Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet"

    Mulegheiter og utfordringar

    Kultur er viktig både for det einskilde menneske og for samfunnet som heilskap. Ikkje minst har det i dei seinare åra vore stor fokus på kulturen si rolle for å styrke folkehelsa både gjennom fysiske aktivitetar og reint mentalt gjennom kulturelle opplevingar.

    Frivillig engasjement er ein viktig og avgjerande berebjelke for kulturlivet. For at dei frivillige lag og organisasjonar skal kunne skape aktivitet, bør dei få vilkår for å kunne gjere det. Surnadal kommune har naturlege føresetnader til å bli ein leiande kommune innan friluftsliv og av aktivitetar i tilknyting til det. Ei viktig oppgåve framover blir å synleggjere dette tilbodet gjennom skilting og marknadsføring.

    Mål:

    Eit mangfaldig friluftsliv, kultur- og idrettstilbod og ei vital frivilligheit

     

    Strategi

    I kommuneplanen sin samfunnsdel finn vi følgjande strategiar knytt til dette temaet:

    • Surnadal kommune har mange gode arenaer for idrettsaktivitet som må vedlikehaldast og driftast på ein god måte. Arbeidet med å legge til rette for friluftslivet må halde fram. Andre ulike kunstformer og kulturvern vil det fortsatt vere viktig å støtte opp om. Barn og unge sine mulegheiter til idrett, kultur og medbestemmelse er viktig verdiar.
    • Surnadal kommune skal i samarbeid med ulike aktørar arbeide for å motverke utanforskap og konsekvensar av sosiale ulikheiter, og fremme tilhørigheit og samfunnsdeltaking.
    • Ressursinnsatsen dreies mot helsefremmande og førebyggande arbeid. 

    • Skape gode møteplassar.

    Handlingsplan for planperioden 2021 - 2025

    Kulturplan 2021 - 2025, tiltak frivilligheita
    Tiltak
    Opprette ordning med stifadrar
    Skape aktivitet i frivilligsentralen
    Ivareta ønske og intiativ til frivillig aktivitet.
    Legge til rette for aktivitet som skaper tilhørigheit, f. eks kurs eller aktivitet.
    Leige ut lokaler til frivillige
    Utvikle Stikk UT! vidare i samarbeid med friluftsrådet og frivillige.
    Utvikle friluftslivet som ikkje blir omfatta av Stikk UT!, m.a. merke kulturstiar og noko meir krevjande turar.
    Fortsette åutvikle samarbeidet med frivillige i prosjekt, som bygdebokprosjektet og Kavlvegprosjektet.
    Støtte frivillige lag og organisasjonar gjennom kommunale tilskuddsordningar, og tilbod om rettleiing ved søking av ikkje-kommunale midlar.
    Frivilligplan for Surnadal kommune
    Betre parkeringsforholda ved enkelte friluftsområder
    Få merka/etablert ein sti som knyter sentrum i Surnadal opp mot stinettet i Trollheimen

    Rapport på tiltak frå handlingsplan for planperioden 2017 - 2020

    Klikk for stort bildeLøålikjølen, Stikk UT! Ski Stikk UT!  

    Rapport frå 2017 - 2021 på tiltak frivilligheita
    Tiltak Kva har skjedd i perioden
    Fortsette satsinga på Stikk UT! og utvikle fleire aktivitetstiltak saman med Friluftsrådet I perioden 2017-2020 er 16 nye sommarturar skilta som Stikk UT!-turar i Surnadal kommune. Vinteren 2016/2017 vart det starta opp med Stikk UT! ski. I løpet av planperioden har vi etter kvart fått sju Stikk UT!- skipostar: 3 på Nordmarka, 2 med utgangspunkt i Vang, 1 i Todalen og 1 i Øvre Surnadal. Arrangement i løpet av planperioden er mellom anna «tur med ordføraren» , «Gapahukens dag» i Kvenndalen i samarbeid med Eidet vel
    Etablere ein frivilligsentral i eit «allhus» der ein har frivilligsentral, ungdomsbase, fritidsklubb og ungdomskafé Surnadal frivilligsentral opna 10.3.2020, to dagar før koronanedstenginga. Vi har hatt ungdomsklubb, språkkafè ol arrangement. Lokala har vore utleigt til Dagsenteret frå måndag til og med onsdag kvar veke frå hausten 2020.
    Fokus på merking av turstiar i nærområda Trimgruppa i Todalen i.l. har i 2020 lagt ut beskrivelsar av 10 turar i bygda på morotur.no og slik gjort dei kjente også utafor bygda. Ei turstigruppe på Årnes/Hamnes har skilta og merka ei rekkje ulike turstiar på Årnes, i Torvika og innover mot Bøverfjorden. Arbeidet pågår enda. Plana er også å laga eit kart over desse turstiane. Tidlegare har Il Søya, Bøfjorden- og Bæverfjorden IL òg arbeidd med merking av turstiar i nærområda sine.
    Oppretthalde og vidareutvikle eit aktivt kulturliv, gjennom mellom anna å synleggjere og styrke samhandlinga mellom frivillig sektor og kommunen. Etablering av frivilligsentralen, utlån av lokale til møte o.l. både der og på biblioteket. Samarbeid med frivillige har stor fokus på kultureininga og skjer på alle avdelingane og prosjekta vår.
    Ha forutseielege verkemiddel som tilskotsordningar og gi rettleiing ved søking av midllar utom kommunen. Det blir gitt rettleiing på tilskotsøknader. Frivillige lag og organisasjonar har i planperioden fått tilført omlag 10,1 millioner gjennom ordningar som spelemiddlar, kommunale kulturmidlar og tilskot.
    Det må derfor utviklast ein meir offensiv og medviten frivilligpolitikk, der samspelet mellom kommunal sektor, næringslivet og frivillige organisasjonar er sett i fokus. Her har vi moglegheiten til å nytte det kommunale planarbeidet, slik som denne planen, men òg planar som kulturmiljøplanen og den nye næringsplanen. Vi ser òg at det er behov for å sette fokus på frivillig arbeid inn mot tiltak som ligg i omsorgsplanen. Dette punktet bør kanskje vidareførast og omformulerast til at Surnadal kommune i denne planperioden bør utarbeide ein egen Frivilligplan.
    Utvikle ein App, med fokus på alt av friluftsliv i Surnadal kommune. Ikkje gjennomført. Vi bør fortsette å jobbe mot dette målet (gjerne i samarbeid med private aktørar)