Veterinærvakt

Kommunane har ansvaret for at det alltid er ein veterinær på vakt utanom vanleg arbeidstid. Heim, Surnadal og Rindal samarbeider om om ansvaret for klinisk veterinærvakt i Rindal-, Surnadal- og delar av Heim kommune.

Det er 2 vaktområde innan dette samarbeidet, Rindal/Øvre Surnadal og Halsa/resten av Surnadal. 

Vaktordninga gjeld frå kl.16:00-08:00 kvardagar, i helger og på heilagdagar.

Vakta gjeld alle dyr, med unntak av vilt. Veterinærvakta er kvilande på natt, og vakta er meint som ei akutthjelp til dyr som har livstruande skadar, sjukdom, eller skadar som av dyrevernsmessige årsaker ikkje kan vente. Er du usikker på om dyret treng akutthjelp bør du kontakte veterinær.

Dyreeiger må sjølv betale for behandlinga av sitt sjuke eller skadde dyr. Prisen er høgare i vakttida enn elles.


Telefon veterinærvakt Halsa/Surnadal: 400 00 470

Telefon Veterinærvakt Rindal/Øvre Surnadal: 71 65 99 90

 

Viltpåkjørsel: Eigarlause skadde eller påkjørte dyr meldast til politiet på telefon 02800.

Følg instruksane du får frå politiet. Les meir om kva du bør gjere ved viltpåkjørsel

Viss du ikkje får kontakt med politiet, ring kommunen sin vakttelefon for viltpåkjørsler på nr 91 76 88 71.

Mattilsynet: Mistanke om alvorlig smittsom dyresjukdom og alvorlige brot på dyrevelferdslova meldast til mattilsynet på www.mattilsynet.no, ev. på telefon 22 40 00 00.