Bruk av helikopter

Dersom du skal lande med helikopter i utmark utover det som har direkte heimel i lovverket, (og dermed ikkje søknadspliktig), må ein ha løyve frå kommunen.

Søknad om bruk av helikopter skal behandlast i tråd med §6 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Verdt å merke seg om dette er:

  • søkaren må påvise eit særleg behov,
  • behovet må ikkje være knytt til turkøyring,
  • behovet må ikkje kunne bli dekt på annan måte,
  • behovet må vurderast i høve til faren for mulege skadar og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.

Det er berre start og landing, og ikkje sjølve flyginga, som er søknadspliktig.  For å behandla søknaden treng vi å vita kor mange turar du vil ha, kor mange dagar flyginga skal gå føre seg og i kva tidsperiode.

Lokale retningsliner

I våre lokale retningsliner heiter det:

Søknadar skal behandlast i tråd med §6 i motorferdselloven. Løyve til bruk av luftfartøy kan berre bli gitt for eit bestemt antall turar innafor eit avgrensa tidsrom og ikkje til persontransport. Perioden 01.04. – 15.07 vurderast som hekke- og yngletid for fugl og vilt, og helikoptertransport bør om muleg unngåast

Sjå retningsliner for bruk av luftfartøy i Surnadal kommune

Søknadsskjema for bruk av helikopter


Kart til søknad om motorferdsel i utmark

For best muleg dokumentasjon skal det følgje eit kart med alle søknadar om motorferdsel i utmark. Her skal omsøkt køyretrase markerast, eventuell start- og landingspunkt ved bruk av helikopter.

Her er link til eit kartprogram med ein enkel teikne- og utskriftsfunksjon. Kartet blir lagra i A4-format og skal leggast ved det elektroniske søknadsskjemaet som PDF-fil.