Bruk av helikopter

Dersom du skal bruke helikopter utover det som har direkte heimel i lovverket, (og dermed ikkje søknadspliktig), må ein ha løyve frå kommunen. Dette gjeld for eksempel bruk av helikopter for transport av bygningsmateriale til hytter som ikkje ligg ved bilveg.

Søknad om bruk av helikopter skal behandlast i tråd med §6 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Verdt å merke seg om dette er:

- søkaren må påvise eit særleg behov,

- behovet må ikkje være knytt til turkøyring,

- behovet må ikkje kunne bli dekt på annan måte,

- behovet må vurderast i høve til faren for mulege skadar og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.

Det er berre start og landing, og ikkje sjølve flyginga, som er søknadspliktig. At helikopteret står like over bakken for å laste og losse er å rekne som start og landing.

Kommunens retningsliner for motorferdsel i utmark (PDF, 55 kB) seier dette om bruk av helikopter:

Løyve til bruk av luftfartøy kan berre bli gjeve for eit bestemt antall turar innafor eit avgrensa tidsrom. Om mogleg bør det ikkje bli gjeve løyve til bruk av luftfartøy i perioden mellom kl. 12.00 lørdag og kl. 16.00 søndag. Kommunen skal på førehand ha melding om tidspunkt for utføring av transporten. 


Kart til søknad om motorferdsel i utmark

For best muleg dokumentasjon skal det følgje eit kart med alle søknadar om motorferdsel i utmark. Her skal omsøkt køyretrase markerast, eventuell start- og landingspunkt ved bruk av helikopter.

Her er link til eit kartprogram med ein enkel teikne- og utskriftsfunksjon. Kartet blir lagra i A4-format og skal leggast ved det elektroniske søknadsskjemaet som PDF-fil.   

Framgangsmåte:

Zoom inn slik at du ser området du skal køyre i så detaljert som muleg.

Vel Verktøy oppe i venstre hjørne. Vel så Tegne. Vidare klikkar du på Linje.

Klikk så i startpunktet, og vidare fleire stadar i køyretraseen. Dobbeltklikk der køyretraseen sluttar.

Vel så Lagre og skriv ut. Pass på at køyretraseen ligg innafor A4-arket som er det lyse feltet midt på skjermen. Skyv eventuelt slik at han kjem innafor.

Vel Skriv ut og lagre fila.