Generell bandtvang 1. april til 20. august
Generell bandtvang er ein periode kvart år kor hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda heile tida. Grunnen til dette er at dyrelivet er ekstra sårbart i denne perioden, og for å sikre at hundar ikkje skremmer opp eller jager fugl, vilt og beitedyr. Perioden gjeld frå 1. april til 20. august, og gjeld ikkje for enkelte typar jakt- og tenestehundar under aktiv teneste eller trening.
Les mer om båndtvang på Mattilsynets hjemmeside.
Bestemmer ut over generell bandtvang i Surnadal kommune
Surnadal kommune har i tillegg eigne bestemmingar ut over den generelle bandtvangen, der hundar skal haldast i band eller forsvarleg innstengt eller inngjerda.
Hunder har for eksempel ikkje adgang til skular, barnehagar, kirkegardar og gravplassar/urnelundar.
Se bestemmingane her:
Forskrift om utvida bandtvang for hund, Surnadal kommune, Møre og Romsdal